Denne sida vart sist oppdatert 16.11.2007
Føremål:

Systematisk Arbeid med Vurdering Utan Karakter (SAVUK) er eit konkret opplegg for systematisk elevvurdering basert på nokre sentrale, overordna, ikkje-faglege mål, for å heva kvaliteten av denne delen av vurderinga i skolen.


Om prosjektet:

Prosjektet starta opp hausten 1998 og vart ferdigstilt som prosjekt våren 2004. Prosjektgruppa var sett saman av lærarar frå tre skolar:

· Søfteland skule, Os kommune (Kombinert skole med 225 elevar)

· Fusa Ungdomsskule, Fusa kommune (Ungd.skole med 150 elevar)

· Fusa Vidaregåande skule, Hordaland Fylkeskommune (185 elevar)

Dei siste 2 åra var og Kuventræ skule (barneskule med ca. 250 elevar) i Os kommune med i prosjektgruppa.

Prosjektet har vore rettleia av Høgskolelektor Per Jørgen Larsen ved Høgskolen i Bergen, avdeling for lærar-utdanning.


I siste fasen av prosjektet vart og karakterar for orden og åtferd lagt inn i målformuleringane. Elevane som går ut frå Søfteland skule og Fusa ungdomsskule kan frå våren 2004 velja om dei ville ha tradisjonelle karakterar i orden og åtferd, eller Vurdering Utan Karakter. Dei fleste elevane vel VUK.
Skulane i Os og i Fusa innførte etter prosjektperioden VUK som fast, felles system for vurdering.
I Os kan skulane velja om dei for 1. til 4. klasse heller vil nytta VAB* som er eit tilsvarande vurderingsverkty, utarbeidd av og for barnehagar.

*VAB: Vurdering Av Barns utvikling, trivsel og utbytte av barnehageopphaldet.


Namn og e-postadresser til kontaktpersonar som kan gje opplysningar om prosjektet finst under peikaren: "Kven er vi" i menyen til venstre.
- Hovudside
- Mandat og dokument
- Kven er vi
- Peikarar
- Informasjon om ressursar
- Kontakt

Kontakt:

Pedagogisk rettleiingsteneste,
Os kommune
Tlf. 56 57 52 22

E-post

www.skulaneios.net/prt


På desse sidene er det ikkje lenger naudsynt med brukarnamn og passord.
Alt materiell kan fritt lastast ned og nyttast.
Sjå under peikaren: "Informasjon om ressursar" i menyen til venstre.
Ta kontakt med oppgjevne personar/skular for meir informasjon.

Bruk av systemet føreset skulering, minst ein dag, ved representantar frå Os eller Fusa kommunar.

For spørsmål om kurs, ta kontakt med Lill-Karin Wallem, Pedagogisk senter, Os: 56575223
lill.wallem@os-ho.kommune.no

Treff sidan 1.2.04
Web Counter
Sounds